
Når borna skal ut og oppdage verda – i barnehagen, i søledammar, i snødrev og vinterregn – er det lite som slår ei gåve som både held dei tørre og varme. Her har me samla våre beste julegåvetips for aktive barnehageborn:
to supergode regndressar, ullplagg som matchar og støvlar som er både praktiske og fine. Dette er gåver som gjer kvardagen betre – kvar einaste regnvêrsdag.
Regndress – i to variantar
Når barnet ditt leikar ute i regntung snø, er det heilt avgjerande med ein regndress som held både vatn og kulde ute.
Her er to knallgode julegåvetips – begge med vår høgaste vannbeskyttelse (30 000 mm vannsøyle) og laga i slitesterkt PU-ekstrem:
❶ Vinterregndressen – for dei aller våtaste og kaldaste dagane
Dette er toppmodellen blant Kattnakkens regndressar med 80 gram vattering– den har alt!
- Heilt vanntett glidelås + ekstra knappestolpe
- Vattert med 80 gram fôr
- Glatt innside for enkel av- og påkledning
- Refleksar, vannstopparar og namnelapp
- Lommer til skattar, god passform og justering i livet
Perfekt for tumling i slaps og snø – utan at barnet blir kaldt og vått!
❷ Heilårsregndressen – allroundaren som varer heile året
Denne regndressen har 40 gram vattering, og du justerer enkelt kor mykje ull du tek under, alt etter temperatur.
- Slitesterk PU-kvalitet
- Knappestolpe
- Sveisa saumar og vannstoppar
- Sikkerheitshette og refleksar
- Glatt og ventilerande innside
Ein regndress som funkar i både vårsøle og vinterdrev – alt etter kva du tek under.
Kjøp gåva her
To regndressar som er ei perfekt gåve for bruk i barnehagen i slaps og regn.
Matchande ull frå topp til tå – frå Tolvmeterskogen
Vår designer Silje tenker gjennom heile garderoben når ho lagar kolleksjonen – frå regndress til lue og sokkar. I Tolvmeterskogen 2025 er alle ullplagga fargematcha med regntøyet – slik at du kan mikse og matche akkurat slik barnet ditt likar det!
Her kjem nokre varme favorittar under treet:
- Balaklava med katteøyre i refleks – gir full beskyttelse til hals, nakke og hovud
- Lue i merinoull med vindstopparar og refleks – varm og pustande
- Panneband med katteøyre og refleksauge – perfekt for born som er varme av seg
- Hals i 100 % merinoull – held vinden ute og varmen inne
Alle plagga er i mjuk og pustande merinoull, og mange har refleksdetaljar for tryggleik i vintermørket.
Her er det berre å velje etter kva barnet trivst best med – og kva for fargar som gjer regnvêret litt gladare.
Kjøp gåva her
Alle ullplagga er laga i fargematch med regntøyet. Velg den fargen bornet elskar og spre litt fargeglede på ein regntung dag.
Støvlar – designa for leik i slaps og søle
Til slutt: dei perfekte støvlane til barnehageborna!
Dock Boot x Kattnakken er eit samarbeid der Silje har lagt Kattnakken-print på ein av dei mest slitesterke støvlane på marknaden.
- 100 % vanntett (testa av SIFO)
- Neopren-fôr som held barna varme frå –10 til +15 °C
- Forsterka tå og hæl
- Sit godt på foten og er enkle å ta på
- Kan vaskast i maskin og tørkar fort
- PFAS-frie
Og best av alt? Dei matchar regndressane og ullplagga i Tolvmeterskogen.
Ei gåve som varmar, tåler alt – og ser skikkeleg stilig ut i garderoben!
Kjøp gåva her
Våre Dock Boot Matcher regndressane perfekt. Me har dei i variantar med print og utan print.
Med desse tre gåvene – regndress, ull og støvlar – blir barnet klar for alle årstider i barnehagen.
Og dei tilsette får friheita til å kle barnet rett, uansett om det er sludd, søle eller duskregn i lufta.
Det kallar me ein komplett garderobe – og ei julegåve som verkeleg blir brukt!