Vårt ansvar
Det beste me kan gjere for miljøet er å kjøpe så lite som mogleg, men når du først skal kjøpe noko er det viktig at plagga er laga for å vara. I heile reisa frå skisse til ferdig produkt har auka haldbarheit topp prioritet. Gjennom valg av slitesterke materiale og smarte designdetaljar jobbar me målretta for å forlenge levetida for kvart enkelt kattnakkenprodukt. Resultatet vert behagleg kvalitetsregntøy som tåler øs pøs regnvêr.
Me ønskjer at klede skal gå i arv i søskenflokken. Det er heilt topp når småsøsken møter opp i barnehagen i arva regndress, og det som er enda betre er at det ikkje stoppar med minstemann. Folk sel regntøyet vårt vidare, og dette er det beste beviset me kan få på at eit plagg frå Kattnakken er laga for å vara.
Me elskar å sjå at plagga våre kan gå i arv!
Laga for å vara
Kleda våre, spesielt bornekleda får røff behandling. Ungane kryp rundt, klatrar og herjar i tøyet og me er klar over at det må tåle ein heil del.Sikre produkt
Våre plagg har smarte designdetaljar der bornet sin tryggleik er høgt prioritert. I tillegg kan du vera trygg på at me kvar dag jobbar for å redusere miljøavtrykket vårt.Kjemikaliegruppen
Produkt kjøpt hos Kattnakken skal ikkje innehalde skadlege kjemiske stoff, og kundene våre skal alltid kunne føle seg sikre på dette.Naturleg impregnering
Me nyttar utelukkande naturleg impregnering og du kan derfor vera heilt trygg på at alt det tekniske tøyet vårt er utan skadelage fluorforbindelsar.Slitestyrke enkelt forklart
I Kattnakken tek me ikkje lett på dette med slitestyrke og testar sjølve alle stoffa våre i testlaboratorie med Martindale test.Vannsøyle enkelt forklart
Kva er eigentleg vannsøyle? Dette kan vera vanskeleg å forstå, så her prøver me å gje ei enkel innføring i akkurat dette.Leverandørar
Me har utarbeida ei etisk retningslinje (Code of conduct) for å illustrere kva me forventar av dei som samarbeider med oss.Tips for vedlikehald
Du kan bidra du også gjennom rett vedlikehald og reperasjon med reservedeler. Her får du tips og triks for korleis du kan auka levetida for Kattnakkenplagga.Me reparerer
Me reparer gjerne tøyet ditt slik at det kan vara lenger. Dette gjeld alt frå skifte av trykk-knappar og fotstrikkar til å sy saman lause saumar i foret på regndressen din.Panteordning i Lagerbutikken
Me reparer gjerne tøyet ditt slik at det kan vara lenger. Dette gjeld alt frå skifte av trykk-knappar og fotstrikkar til å sy saman lause saumar i foret på regndressen din.Unødvendig emballasje
Våre produkt er pakka i minst mogleg plast. Kattnakken har satt som mål å kutte all unødvendig emballasje.