Leverandørar

Hos Kattnakken jobbar me for anstendige arbeids- og miljøstandardar i våre leverandørkjeder og samarbeider tett med leverandørar og forretningspartnar for å nå dette målet.

Me har utarbeida eit sett av etiske retningslinjer (Code of conduct) for å illustrere kva me forventar av dei som samarbeida med oss. Retningslinjene dekker grunnleggjande krav til menneskerettigheiter, arbeidstakarrettigheiter, miljø og antikorrupsjon i våre leverandørkjeder.

Leverandørane våre signerer på at dei forpliktar seg til avtalen. Me krev vidare at våre leverandørar også kommuniserer krava til sine underleverandørar. Leverandøren skal ha eit effektivt styringssystem for handtering av klagar knytt til menneskerettar, arbeidstakar sine rettar, miljøspørsmål og korrupsjon. Leverandøren skal sørga for at både arbeidstakar, eksterne partar og lokalsamfunn har mogleik for å klage.

Kattnakken sine prinsipp for etisk handel er basert på sentrale konvensjonar og dokument frå FN og Den internasjonale arbeidsorganisasjonen. Nasjonale lover skal respekterast, og der lovtekst og Kattnakken sine etiske handelsprinsipp omhandlar same tema, skal dei strengaste føringane gjelde.

Dette inkluderer blant anna:

  • Tvangsarbeid og pliktarbeid
  • Foreiningsfridom og rett til kollektive forhandlingar
  • Barnearbeid
  • Diskriminering
  • Hard eller umenneskeleg behandling
  • Helse og tryggleik
  • Lønn
  • Arbeidstid
  • Vanleg tilsetting
  • Marginaliserte befolkningar
  • MiljøKorrupsjon

Leverandøren skal på Kattnakken sin etterspurnad kunne dokumentera sin innsats for å sikre etterleving av retningslinjene, også for sine underleverandørar. Slik dokumentasjon kan ha form av oppfølgingsmøter, inspeksjonar eller andre måtar å kartlegge arbeidsforholda på produksjonsstadane.

Kattnakken vil kontinuerleg arbeide for å betra våre eigne retningslinjer og praksis, inkludert vår innkjøpspraksis, for å støtte våre leverandørar i å overhalde våre etiske retningslinjer. Dette skal me gjere i dialog med våre leverandørar og andre interessentar.