Kjemikaliegruppen
Produkt kjøpt hos Kattnakken skal ikkje innehalde skadlege kjemiske stoff, og kundane våre skal alltid kunne føle seg sikre på dette. Me er medlem i Kjemikaliegruppen (RISE) som har som hensikt å spre oppdatert informasjon om kjemikalie- og miljørelaterte spørsmål. Dei tilbyr også støtte og gode verktøy i vårt arbeid med kjemikaliespørsmål.
Me føl Kjemikalieregelverket Reach, som skal sikre at produksjon, omsetning og bruk av kjemikalie ikkje utgjer fare for menneske og miljø. I tillegg fasar me ut kjemikalie etterkvart som dei kjem på REACH Kandidatlista (substances of very high concern-list), det vil seie at me kuttar ut stoff og kjemikalie som potensielt kan være skadelege, før lovverket har kome på plass.
Me sikrar at våre produkt er i samsvar med regelverket ved å pålegge våre leverandørar å følge våre standardar og kravspesifikasjonar. Kvart år mottar alle leverandørane våre spesifikasjonar i forhold til REACH, kandidatlista og vår Code of conduct. Denne forpliktar dei seg til ved å underskrive. Dei forpliktar seg også til at deira underleverandørar held seg til det same regleverket.
Bionic-finish ECO, kva er det?
Våre PU produkt er laga vasstette så dei har ikkje behov for impregnering. Våre skallprodukt/tekniske yttertøy må impregnerast for å nå tilfredstillande vassøyle. Impregneringa me nyttar heiter Bionic Finish® Eco og er ei naturlig og økologisk vassavvisande impregnering, utan bruk av miljøskadelege fluorkarbon og skadelege fluorforbindelsar (PFAS). Utvikla av Rudolf Group i Tyskland og den nyaste teknologien for miljøvennleg vatn- og antismussbehandling av ytterplagg.
BIONIC-FINISH ECO eigenskapane:
- Utan skadelege fluorforbindelser
- Økologisk
- Vannavstøtande
- Smussavstøtande
- Gjer at tekstilane tørkar hurtigare
- Bevarer fargar og tekstilar lengre
- Bevarar pusteevna i plagget
- Vêrbestandig
- Tålar å bli vaska