Se produktkategoriene

Laga for å vare

Det beste me kan gjere for miljøet er å kjøpe så lite som mogleg, men når du først skal kjøpe noko er det viktig at plagga er laga for å vare. I heile reisa frå skisse til ferdig produkt har auka haldbarheit topp prioritet hos oss.

Testing i labratorie

Kleda våre, spesielt bornekleda får røff behandling. Ungane kryp rundt, klatrar og herjar i tøyet og me er klar over at det må tåle ein heil del. For å sikre at produkta våre held tett har me streng kvalitetsstandar i produksjonen. Eigenskapane til materialene brukt i våre produkt, slik som vannsøyle, haldbarheit i vask og slitestyrke vert testa i laboratorie.

For å måle slitestyrke i plagga våre nyttar me Martindale-testen. Stoffprøvar spennes fast og gnis mot eit standard slitestoff. Slitasjemotstanden vurderes etter kor mange gnidningar som må til før det oppstår brudd. Parkdressane våre tåler f.eks 80 000 syklusar Martindale.

Mål på om plagget er vasstett

Som mål på kor vasstett plagget er, nyttar me vannsøyle. Vannsøyle viser kor stort vanntrykk eit plagg tåler før vatnet trenger gjennom stoffet. Vinterregndressen vår har f.eks 30 000 i vannsøyle, og som samanligning har mykje som marknadsføres som vanntett ei vannsøyle på 2000.

Vanntett i seg sjølv

Regntøyet til Kattnakken blir laga av noko me forkortar til PU. Dette stoffet er laga i plast for å gjera det vasstett og ein er trygg for at det ikkje er noko PFC (Perfluorerte forbindelser, Fluoriserte stoffer) i PU-plagg.

Det er viktig å vera klar over at oppbygginga av eit PU-regntøy kontra eit teknisk regntøy er svært ulik. Ein treng f.eks aldri bruke impregnering på eit plagg laga av PU. Eit PU-stoff er laga av plast og er derav vasstette i seg sjølv. Eit teknisk stoff der i mot, er som oftast eit vevd materiale som blir tilført eit belegg på baksida (coating) og impregnering av div variantar på yttersida. Stoffet kan då få eigenskapar som er pustande, men det gjer også stoffet svakere samanlikna med eit PU-stoff. Eit PU-stoff vil halde seg lenger i kraftig regnver og i vask. Om ein ikkje får hol i regntøyet så vil ein ha eit regntøy som held tett i mange år. Eit teknisk stoff som kan vera lettare og meir behageleg når ein driv med høgaktivitet ute, vil halde deg tørr til eit viss punkt, men vil bli slitt med tida og under vask. Det er grunnen til at tekniske stoff har høgare vasssøyle enn PU-stoff. Rett og slett fordi det må ha litt å gå på.

NB! PU variantar og tekniske stoff tåler ikkje skyllemiddel eller ullvaskemiddel. Desse inneheld olje/balsam som gjer at liming og sveising lausnar. I tillegg kan laga i plagget lausne frå kvarandre. F.eks kan PU og Coatin lausne frå det andre stoffet. Du må heller aldri bruke for høg temperatur ved vask då det gjer plagget hardt og stivt.

Alle Kattnakken plagg er laga for å vare