Se produktkategoriene

Panteordning i Lagerbutikken

Brukt og elska! I lagerbutikken på Stord sel me fullt funksjonelle produkt som er brukt, reparert eller av andre grunnar ikkje kan seljast som ordinære varer. Å gi bort eller selja brukte klede krev liten innsats og gir ein stor verdi tilbake i form av økt levetid og redusert miljøpåverknad. Å kjøpe eit brukt Kattnakken produkt er eit god og rimeleg alternativ.

Om du bur tett på lagerbutikken eller passerer forbi på E39 kan du komma innom og pante dine brukte Kattnakken plagg. Me bytter dessverre ikkje via post då ordninga er forbehold fysisk oppmøte i butikken på Stord.

Me har to kategoriar for prising av tøyet i panteordninga

Kategori A: Plagget er ubrukt eller brukt og i veldig god stand. Det er ingen skader og alle detaljar som refleksar og knappar er framleis som ny.

Kategori B: Normalt brukte plagg. Framleis funksjonelt, men med teikn til bruk. Plagg som er 3 år eller eldre, eller kjøpt som 2.sortering er alltid i denne kategorien. NB! Vareprøvar vert ikkje bytta.

Kom innom Lagerbutikken om du vil vite meir eller har godt brukandes plagg som skal pantast.

Eit plagg frå Kattnakken er laga for å vara. Vårt håp er tre born i kvart plagg, minst! Det er berekraft i praksis.

Type plaggKategori AKategori B
Regndress med fôr200,-100,-
Regnsett PU Ekstrem200,-100,-
Regnsett PU Lett150,-75,-
Regnbukse PU Ekstrem med og uten selar150,-75,-
Regnbukse PU Lett med og uten selar75,-50,-
Regnjakke Junior150,-75,-
Tilbehør Regn (sydvest, regnvott, lobb, etc)50,-25,-
Tjukkull (dress, bukse, jakke)150,- pr del100,- pr del
Regnjakkar Vaksen200,-100,-
Regnbukse Vaksen100,-75,-