Se produktkategoriene

Vannsøyle enkelt forklart

Eit av dei spørsmåla me oftast får er: “Kva er eigentleg vannsøyle?” No vil eg prøva å forklara dette så lett som mogleg.

Om vannsøyle

Det er mange typar klede som er vanntette, og for å ikkje å gå meg vill i alle typar vil eg ta utgangspunktet i dei kvalitetane me kjenner best. Så me tar Kattnakken sin Vindjakke og Kattnakken sin YR regnjakke.  

Eit teknisk regntøy eller skallklede, er eit plagg som er vanntett og samtidig pustande. Det blir laga av eit vevd stoff som bli belagt på baksida med ein membran og får også behandling på yttersida for at vatnet skal prelle av. Ei skalljakke er eit typisk teknisk regntøy. Oftast er eit slikt produkt laga for eit spesifikt formål, for ein membran kan formast ut frå kva ein ønsker. Så la oss tenke oss vindjakka som me ønsker skal vera både pustande og vanntett. Noko som går heilt fint å få til. Men, og det er her det viktige kjem, eit produkt som er pustande vil kun vera vanntett til eit viss punkt eller til ei viss vannsøyle,  for skal det kunne gå luft ut av jakka vil det nødvendigvis også koma vatn inn. Vatn finn alltid ein veg uansett, så vannsøyla seier eigentleg kor mykje vatn jakka toler før vatnet treng gjennom dei mikroskopiske pustehulla i membranen. Difor er vannsøyle spesielt viktig på denne typen plagg, men jo høgare vannsøyle, dess mindre pustande er plagget. Kvar gong jakka blir vaska og sentrifugert taper den seg. Den mister litt av tettleiken sin og det vert difor ofte opplyst 15.000 i vannsøyle som ny og 5.000 i vannsøyle etter femte vask. Her kan ein sjølvsagt etter impregnere litt. Men sørg då for å bruke ein som er miljøvenleg.

Ei regnjakke laga av kvalitets-PU er noko heilt anna og eigentleg ikkje heilt samanliknbart med ei teknisk regnjakke. Dette skuldast at oppbygninga av stoffa er heilt annleis. I PU er sjølve stoffet vanntett og ein har ei bakside som gir styrke. Ei jakke i PU har ei overflate som er glatt og vanntett. Det trengs heller ingen oppfrisking av impregneringa etter bruk. I eit PU materiale er det tjukkelsen på PU-belegget og kva styrke baksidestoffet har, som er med på å gi vannsøyla. I tillegg vil ikkje PU stoffet miste vannsøyla etter bruk ute, eller under vask. Men, den kan sjølvsagt bli slitt, eller at ein kan få hol i PU laget.  

Eigentleg kan ein tenka seg ein god gamaldags voksduk og ein moderne teflonduk. På voksduken prellar alt av og den held seg tett sjølv om den blir vaska. Teflonduken prellar og av, men det kan gå litt igjennom stoffet då stoffet er vevd, og den vil tape seg i vask, fordi det den er behandla med blir slitt av.  

Så altså om du fortsatt heng med, så kan du tenke deg at det å samanlikne ei vannsøyle for eit pustande plagg og eit vanntett plagg, er ganske vanskeleg. Det me i Kattnakken har opplevd når me testar vannsøyla på PU-regnkleda våre er at når me kom opp i 30.000 mm vannsøyle ,så sprakk rett og slett heile stoffet. Som ein ballong som får for mykje press. På dei tynnare plagga våre så byrjar det å piple vatn igjenom på rundt 10-15.000mm. Akkurat slik det skal gjere.  

I Noreg er alt som har over 2000 mm vannsøyle regna som vannett, men husk dette når du skal ut å kjøpe regnklede, saumar må vera sveisa eller teipa.  Er plagget pustande så vil det sleppe vatn igjennom etter ei stund i ordentleg regnvêr. Sjekk også slitestyrken på plagget. Slitestyrken er vel så viktig, om ikkje enda viktigare enn vannsøyla.

Silje Vatne Ersland

  • Vannsøyletest

    Her ser du kva som vart resultatet då Silje tok med kvalitets PU-en me nyttar i regntøyet vårt til testing av vannsøyle i testlabratorium.

Alt PU regntøy er vanntett i seg sjølv