
Denne pakkelista sikrar at bornet ditt er godt førebudd på alle vêrforhold og situasjonar som kan oppstå i barnehagen, og gir ei trygg og komfortabel oppleving både for barnet og deg som forelder.
Grunnleggjande
- Ekstra klede: Minst eit sett med ekstra klede (undertøy, sokkar, bukser/shorts, t-skjorte/genser) i tilfelle bornet blir vått eller skitnar seg til.
- Bleier og våtserviettar: Om bornet brukar bleier, sørg for å ha ein tilstrekkeleg mengde i barnehageskapet. Det er også lurt med salve/babypudder. Nb! Ikkje velg trusebleier, men den typen ein kan opne og lukke på sida. Dette for enklare å kunne skifte.
- Solkrem og solhatt: I sommar-månadene er det viktig med vern mot sola.
For dagar med regn og vind
- Regnjakke: Vasstett, pustande og lett å bevege seg i. Sørg for at den har god hette.
- Regnbukser: Vasstette bukser med strikk eller justerbare stropper for å halde vatnet ute.
- Regndress: Vanntett dress, spesielt viktig for små born som skal krypa rundt på bakken.
- Vindsett: Vindtett og vannavstøtande jakke og bukse, til å trekke over når vêret er skiftande
- Støvlar: Vasstette støvlar som sit godt på foten og har ei god såle for grep.
- Regnlobbar: Regnlobbar er fint for dei som enda ikkje har lært å gå.
- Regnvottar: Vasstette vottar som held små hender tørre og varme.
- Regnhatt eller sydvest: For ekstra vern mot regnet.
Anna nødvendig
- Matboks: Ein solid og lett å opne matboks for lunsj og snacks.
- Drikkeflaske: Ei lekkasjesikker flaske som er enkel å bruke.
- Smokk eller koseklut: Om bornet brukar smokk eller har ein koseklut, sørg for å ha ein ekstra i barnehagen.
- Vogn eller soveutstyr: Om barnet søv i barnehagen, avklar med barnehagen kva som trengst av soveutstyr (vogn, sovepose, dyne). Vogna må ha luft i dekkene og gode selar. Sjekk med jamne mellomrom at vogna er i god stand.
Tilbehør
- Ryggsekk: Ein liten ryggsekk som barnet kan bære sjølv, til å ha med ekstra klede og småting.
- Namnelappar: Alle klede og utstyr bør vere merkte med bornet sitt namn for å unngå forveksling.
- Bærenett: For å kunne å ta med skittentøy heim. Det er foreldre sitt ansvar å sjekke at ein alltid har reint og tørt skiftetøy. Tar du med deg heim, må du ta med tilbake.
Førebuingar før barnehagestart
- Gå gjennom pakkelista: Sørg for at alt er på plass og i god stand før første barnehagedag.
- Snakk med barnehagen: Avklar om det er spesielle krav eller tilrådingar frå barnehagen angåande pakkelista.
- Test utstyret: La bornet prøve kleda og skoa heime for å sikre at dei passar godt og er komfortable.
Lest ned pakkelista her.

Anbefalte produkter
Anbefalte produktar til barnehagestart