Små barn som sit stille på bakken, krabbar i graset eller leikar i sandkassa treng eit ytre lag som held fukt og vind ute – sjølv om det ikkje regnar skikkeleg.

Perfekt for “ikkje heilt regn, men litt vått”
Ein god vinddress gir barnet beskyttelse i lett regn, kald vind og duggvått gras – utan at det blir for varmt. Dette er spesielt viktig om våren og hausten, når vêret svingar frå morgon til ettermiddag.

Utvikla for dei minste

Baby Vinddress frå Kattnakken er designa for barn i str. 68–92 – altså perfekt frå første barnehagedag og opp til ca. 2 år. Dressen har:

  • Myk, vindtett og vannavvisande kvalitet i resirkulert Oxford polyester
  • 12 000 mm synkande vannsøyle og tapede saumar for lett regn og fukt
  • Pustande eigenskapar – for å unngå klam varme
  • Avtagbar og justerbar hette – med refleks for tryggleik
  • Refleksar på armar, hette og rygg
  • Lomme på brystet – perfekt til smokk eller små skattar
Praktisk i kvardagen

Kle barnet i ull eller fleece under på kalde dagar, og du har ein allsidig dress som passar til alt frå trilleturar og sovestunder til sandkasseleik og små utforskingar i barnehagen. Når regnet blir meir intenst, bytter du enkelt til regndress.

Vask og vedlikehald

Vinddressen er lett å halde rein – og når du merkar at vassavvisinga minkar, kan du bruke ein mild impregneringsvask for å fornye eigenskapane. Slik held dressen seg fin – lenge.

Vinddressen er det perfekte mellomplagget.
Når det ikkje er regntøydag, men heller ikkje sol og tørt gras – då er det denne dressen du vil ta fram. Han gjer barnehagedagen komfortabel, tørr og trygg for dei minste, utan for mykje eller for lite.

Amnbefalte vindplagg

Me anbefaler følgande vindplagg til barnehagestart