Dyrevern

Me vel berekraftige, dyrefrie materiale så langt det lar seg gjera. I staden for skinn nyttar me haldbare og pustande syntetiske materiale på logo-skinnlappane våre og på snøringa i enkelte plagg. Det nyttes også vatt i staden for dun som fôr i produkta. Elles nyttar me verken pels eller syntetisk pels (fuskepels) i produkta våre. Årsaka til dette er at me på ingen måte ønsker å bidra til at denne type produkt blir ein del av mote- og trendbilete.

Når det er sagt, så kan nokre ting dessverre ikkje erstattast heilt enda. Me har derfor valgt å behalde ull som materiale i plagga våre. Ull har nemleg heilt einestående eigenskapar. Det er varmt, sjølvreingjerande og kan lett transportera vekk fukt. Det finst ei rekke syntetiske alternativ, men dei er foreløpig ikkje i nærleiken så bra som ull. I tillegg kan ull lett brytast ned og vil ikkje forverra mikroplastproblemet. Når me då har valgt å nytta ull i produkta våre ønskjer me også å jobba aktivt for å sikra at ulla vert henta berekraftig utan å skade dyr. Me krever derfor at all ull som vert nytta i Kattnakken-produkt, vert klippa av sauar utan mulesing – ein smertefull metode der hud vert fjerna utan bedøvelse, for å forhindra parasittinfeksjonar. Dette tek me sterk avstand i frå og ber alle produsentene våre om å si nei til mulesing.