Se produktkategoriene

Slitestyrke enkelt forklart

Mange synest det er vanskeleg å forstå korleis ein måler slitestyrke og kva ein kan forvente av eit plagg. Me i Kattnakken pleier å teste stoffa våre med Martindale test. Den har i mange år vert den mest brukte standarden for testing av slitestyrke på tekstilar og vart oppfunne før andre verdenskring av Dr. J. G. Martindale. Der av namnet. Maskinen vart opprinneleg utvikla for testing av vanlege flatvevde tekstilar, men brukes i dag på alle typar tekstilar. Alt som kan utsettjast for slitasje, slik som tepper, møblar og klede. I maskinen plasserer ein sikelrunde tekstilprøvar på nøyaktig 38 milimeter i diameter. Stoffprøvane spennes fast og gnis mot eit standard slitestoff. Med tyngde på normalt 9 kg. Slitasjemotstanden vert vurdert etter kor mange omdreiningar stoffet toler før ein tråd slitnar, eller som hos Kattnakken, det vert hull i PU laget. 

Me i Kattnakken har vert fire dagar på eit testlabratorium, og testa stoffa sjølve, for å vera 100% sikre på at alt me nyttar er av den standarden me forventar. For å gjera det enklare for deg har me laga ein forenkla versjon av ein slitetabell. Her viser me til møbelstoff for å gjere bildet litt enklare. Då det her er tre svært klare grenser på styrken - heimebruk, kontor og offentleg.

Hugs også at ein jakke ein går tur i ikkje treng å vera like slitesterk som ein jakke eller ei bukse ein kryp rundt i. Me minnar også om at uansett kor slitesterkt eit stoff er, så kan ein skjere hol om ein er uheldig og kjem borti ein skarp stein. Steinar kan vera like skarpe som knivar. Det ein ser av tabellen er kor mykje vanleg dagleg slitasje den tåler før det vil byrja å visa igjen eller gå hull. Hugs at slitestyrke også går på kor mykje vask eit plagg toler. Vask er det som slit mest på plagget, så spar på kleda med å vaske kun når det er nødvendig.

OmdreiningarBruk
10.000 - 20.000Møblar i private heimar; frå 10.000 Martindale omdreiningar og hard bruk frå 20.000 Martindale.
25.000 - 35.000Kontor lett bruk frå 25.000, og hard bruk frå 35.000 Martindale omdreiningar.
30.000 - 100.000Offentlege rom, kinoseter, busseter og restauranter. Ikkje under 30.000 Martindale.
Kattnakken sitt regntøy og tekniske plagg ligg mellom 50.000 - 100.000 Martindale omdreiningar. Det er høgt, men stoffa me nyttar blir også brukt ute mot sand og ujamnt underlag. Det må rett og slett tåle meir enn om ein berre gnir stoff mot stoff
  • Martindaletest på PU

    Sjekk ut videoen for ei innføring i korleis me finn slitestyrken på tøyet vårt.