Filosofi

Laga for å vare

Det beste du kan gjere for miljøet er å kjøpe så lite nytt som mogleg, men når du fyrst skal kjøpe noko bør du kjøpe ting som er laga for å vara. Alle klede me produserar har høg slitestyrke og lang haldbarheit. Eit plagg frå Kattnakken er laga for å vara. Det er faktisk så viktig for oss at me har utvida namnelappen i plagga, så no er det plass til nummer fire i søskenflokken óg.

Det er superkult at småsøsken møter opp på fyrste dag i barnehagen i arva regndress. Men noko som kanskje er enda kulare er at det ikkje stoppar med minstemann. Folk sel faktisk regntøyet vårt vidare på FINN ♥.
Uansett kor høg kvalitet me har på regntøyet vårt vil det alltid vera betre for miljøet å kjøpe brukt enn nytt, så me anbefalar deg å sjekke FINN før du kjøper noko på kattnakken.no.

Uansett om du kjøper våre klede brukt eller nytt er vedlikehald viktig. Dei er slitesterke, men du kan gjere dei supersterke ved å ta skikkelig godt vare på dei. Her har du mange gode tips og triks for korleis du får kleda til å vare.