Kva kan me hjelpe deg med?
Treng du ei hjelpande hand? Då er du komen til riktig plass. Folk lurer ofte på det same, så her har vi samla spørsmål og svar som går igjen. Om du ikkje finn det du lurer på her, kan du kontakte oss på vår Facebookside eller sende oss ein mail. Ingen spørsmål er for dumme.
Bytte & Retur
Bytte
For å bytte sender du vara i retur innan 30 dagar og legger inn ny ordre på ønska vare. Ditt første kjøp vil bli behandla som vanleg retur, sjå meir informasjon under.
Spørsmål kan sendast til [email protected]Retur
Retur må gjerast innan 30 dagar. Returnerte varer må vera ubrukt og fullstendig med alt av tilbehør og etikettar.
Fyll ut angrerettskjema og legg det med vara som skal returnerast. Om du ikkje har anledning til å skrive ut skjemaet kan du legge ved følgeseddel med ordrenummer.
Bestill retur med PostNord og bruk returkode: Kattnakken https://my.postnord.no/return
Returetiketten må printast og plasserast godt synleg på pakken. Lever pakken til næraste PostNord innleveringsstad.
Forbrukar må dekka returkostnadane (jf. Angrerettlova § 15, første ledd). Ved retur vil pengane bli refundert innan 14 dagar etter mottak. Merk at returkostnaden på 49 kr vil bli trekt frå refusjonsbeløpet.
Spørsmål kan sendast til [email protected]Angrerett
Angrerettlova gjeld ved kun ved forbrukarkjøp i Kattnakken sin nettbutikk. Angreretten gjeld ikkje dersom varene ikkje kan leverast tilbake i same stand og mengde, og skade eller svekking skyldest uforsiktigheit eller manglande omsorg frå forbrukerens side (jf. Angrerettlova § 12, punkt a). Varene må vera ubrukte med alle merkelappar på.
Angrerettskjema blir sendt per e-post saman med leveringsbekreftelsen. Du må nytte angreretten innan 14 dagar frå du mottek pakken.Feil eller defekt vare
Har du motteke skada eller defekt vare, send oss ein e-post til [email protected] innan rimeleg tid etter at du har motteke varene.
Skada eller feilaktig leverte varer må returnerast til oss (med mindre vi informerer deg om at retur ikkje er nødvendig).
Returnerte varer må vera ubrukt og fullstendig med alt av tilbehør og etikettar. Kostnadane ved returporto vil bli betalt av oss og vil bli refundert til din konto.
Ordre & Betaling
Eg la inn feil på ordren min...
Kontakt oss på e-post [email protected] så raskt som mogleg, så gjer me vårt beste for å hjelpe deg.
Korleis betalar eg?
Kattnakken brukar i dag Vipps til å handtere betalingane. Dette er ein trygg og sikker betalingsmåte, all informasjon om betalinga er det Vipps som behandlar og du er heilt trygg når du betaler hos oss.
Frakt & Levering
Kva kostar det å få varene tilsendt?
Alle pakkar kostar kr 49,- i frakt.
NB! Fri frakt på alle bestillingar over 1000 kr.Eg oppga feil adresse...
Du kan sjølv endre utleveringsstad i PostNord appen.
Treng du hjelp angåande adresseendring, kontakt oss på e-post [email protected].Kan eg hente bestillinga mi?
Ja det kan du! Bestillingar kan hentast i lagerbutikken på Stord kvardagar frå 12-16, og 12-18 på onsdagar.
Me sender ut hentemelding på SMS når pakken er klar.Når får eg varene mine?
Din ordre blir ekspedert innan 48 timar (kvardagar). I høgsesongen august og september kan det ta noko lenger tid. Pakken vil nå deg 2-4 verkedagar etter sending frå vårt lager (på enkelte strekningar opp til 6 verkedagar).
Pakken blir frakta av PostNord, så me anbefalar alle å laste ned PostNord sin app for leveringsstatus.
Hugs at du er ansvarleg for å hente pakken i tide når den har kome fram til hentestad. Du har sju dagar på å hente pakken før den blir sendt i retur.Eg gløymde å hente pakken min!
Dersom ein pakke vert uavhenta og returnert påløper ein straffeporto på kr 149,-.
Om du vil at me skal sende pakken på ny kan du kontakte oss på e-post [email protected].
Garanti & Reklamasjon
Garanti
Ved fabrikasjonsfeil eller svakheit på saum, glidelås og liknande har Kattnakken 2 års garanti mot framlagt kvittering. Fabrikasjonsfeil er feil som fanst allereie då produktet blei levert.
Garantien gjeld ikkje ved vanleg slitasje, skadar som ein sjølv er skuld i, feil vask- og vedlikehald. Garantien dekker heller ikkje skadar forårsaka av ulykker, feil bruk, aktløyse, eller naturleg nedbrytning av fargar og materiale etter langvarig/hyppig bruk.
Dersom noko er feil med vara du har motteke, ta eit bilde av feilen hvis mogeleg. Send bilde av feilen på produktet og beskriving saman med kvittering til: [email protected]
Ved normal bruk, vil eit Kattnakken produkt halde lenge.
Dersom produktet er kjøpt hos ein av våre forhandlarar må du kontakte den det gjeld direkte.
NB: Dersom produktet er utslitt (uansett alder), vil det ikkje bli sett på som ei garantisak.Me kan reparere!
Har du vore uheldig og fått ein skade på produktet? Ta kontakt så vurderer me om reparasjonsavdelinga kan reparere skaden på: [email protected]
Reparasjonar utan garanti kostar kr 199,- inkl. porto.
Om det er ein skade som blir godkjent reklamasjonssak, vil me erstatte portoen. Merk at portoen ikkje vil bli refundert om reklamasjonsavdelinga finn ut at skadene er sjølvforskyldt.Korleis klargjer eg produktet for reparasjon eller reklamasjon?
Legg ved namn, adresse, mobilnummer og e-post når du returnerer produktet. Dette for at me skal vite kven me skal kontakte og returnere vara til etter reparasjon. Ved garantisak må også kopi av kvittering leggast ved.
Legg også ved beskriving av det du ønsker fiksa.
Alle produkt som blir sendt inn for reparasjon skal vera nyvaska. Dersom produkta ikkje er vaska etter Kattnakken sine anvisningar tek me atterhald om retten til å fakturere 300 kr for vask. Om produktet ikkje er vaska får me ikkje reparert det, eller sett på eventuelle feil, og me må levere det til vask før me kan starte arbeidet. Dette er av hygieniske årsaker og for at me skal kunne sjå eventuelle skadar og reparere dei.Når veit ein om det er ein produksjonsfeil?
Produksjonsfeil er feil som fanst allereie då produktet blei levert, og det vil som regel vise seg raskt. Reklamasjonar vurderast basert på produktet sin tilstand, alder, bruk, vedlikehald og slitasje. Dersom det er ein produksjonsfeil så gjeld reklamasjonsprinsippet.
Sjølvforskyldte skadar som for eksempel slitasje, feilbruk eller liknande gjed ikkje som produksjonsfeil.
Ta kontakt med oss for vurdering på: [email protected]Korleis gå fram?
Alle garantisaker må avklarast med Kattnakken før dei kan godkjennast. Når det er ei godkjent garantisak, vil produktet bli erstatta av Kattnakken. Ei individuell bedømming av blant anna produktet sin tilstand og alder er avgjerande for erstatning.
NB: Dersom produktet er utslitt (uansett alder), vil det ikkje bli sett på som ei garantisak.
Alle reklamasjonar og garantisaker skal sendast til [email protected]
Størrelseshjelp
Korleis finne riktig størrelse?
Barn veks fort... ca 6 cm i året frå dei er 1,5 år!
Heldigvis blir ikkje vi menneske så høge som Kattnakkenfjellet, men likevel kan det vera ei utfordring å finne riktig størrelse.
Du finn no eksakte mål under produktbeskrivelse på alle produkt.
Er det noko du ikkje finn?Sjekk her størrelsesguiden vår her.