Vis at du elskar meg!

Ta godt vare på meg med riktig vask og vedlikehald, så vil eg vare lenge!

Regntøy

  • Finvask på max 40°C uten sentrifuge
  • Bruk flytande vaskemiddel (unngå vaskemiddel meint for ull) Ikkje bruk tøymykner 
  • Ikkje tørk i tørketrommel eller tørkeskap
  • Me fraråder all bruk av impregnering på PU-regntøy
  • Tørk: Vreng plagget, heng det opp og la det drypptørke.

Husk: Regntøy treng ikkje bli vaska kvar dag, du kjem langt ved å tørke over med ein våt klut.

Tips

Om plagget er vått etter leik ute, er det viktig å henge det opp til tørk på ein luftig stad. PU-stoff vert øydelagt om det ligg vått samanbretta, tildømes i ein pose over tid. Har du bretta opp ermene ute i regnet, er det viktig å brette dei nedatt, så ermene får lufttørke.

Om du skal være uheldig å miste ein knapp, finn du ekstra her 
Lause fotstrikkar får du også kjøpt i nettbutikken.

Ull

  • Ullvask/Finvask på max 30°C uten sentrifuge
  • Bruk ullvaskemiddel (uten Lanolin)
  • Ikkje tørk i tørketrommel eller tørkeskap

Tips

Me har veldig god erfaring med På Stell sin Ull-Shampo. Den finn du her.

Om du har eit ullplagg med glidelås så hugs å lukke glidelåsen og vask den i ein vaskepose.

Bomull

  • Vask på max 40°C 
  • Ikkje bruk tøymykner
  • Ikkje tørk i tørketrommel

PS: Av og til kan det vera lurt å sjekke vaskemaskintrommelen for skarpe kantar eller gjenstandar som har fulgt med inn via ei lomme full av skattar, som småstein og spiker!