
Når vinteren er på sitt vakraste – og kaldaste – treng barna klede som held varmen, tåler leik og tørkar fort. Her er våre beste gåvetips!
Parkdress eller todelt sett? Me har begge delar – og begge er like varme!
Når vinteren kjem med snø og kuldegrader, treng ein klesplagg som både held på varmen og gir bevegelsesfridom til leik og aktivitet. Hos oss finn du to ulike typar vinterklede til born: den klassiske parkdressen – eller det fleksible todelte settet med jakke og bukse. Begge deler har vår høgaste varmegrad og slitesterke eigenskapar. Vannsøyle på 12 000 mm synkande. Det vil seie at alt vintertøyet vårt tåler våt snø, og når impregneringa delvis går ut anbefaler me å fornye med ein impregneringsvask.
🧥 Todelt sett – jakke + bukse = fleksibel varme
Vårt vintersett består av varm vinterjakke og bukse – med 140 g vattering og slitesterk ytterstoff. Dei blir selde kvar for seg, men passar perfekt saman som sett. Mange foreldre likar den fleksible løysinga: bruk berre jakka når det er mildt, eller buksa med ull under – og heile settet når det er skikkeleg bitande kaldt.
Me har vintersett i både barne- og juniorstorleikar, og du kan velje mellom spreke mønster frå kolleksjonen Tolvmeterskogen, eller stilreine fargar som juniorane ofte føretrekk.
👶 Parkdress Snø – den varmaste me lagar
Parkdress Snø er for deg som vil ha alt-i-ett – den varmeste dressen me lagar! Med 140 gram vattering, høg pusteevne og slitestyrke i toppklasse (80 000 Martindale), er dette dressen som taklar sklier, klatrestativ, aking og allslags leik. Vannsøyle på 12 000 mm gjer den godt rusta for våt snø, og foret tørkar raskt etter vask.
Parkdress Snø finst i babystr. 74–92 og barnestr. 98–128, og har alle dei praktiske detaljane som gjer vinteren trygg og god: refleksar på alle sider, snøstopp, fotstrikkar og sikkerheitshette.
Kjøp gåva her
Her har du den perfekte julegåva til kaldt og klart vêr. NB! Alle vinterkleda våre er vannavisande og tåler også våt snø.
Ulltilbehøret som held varmen – og matchar regntøyet
Ingen vintergåve utan ull! Designer Silje planlegg kolleksjonen med heilhet i tankane, og derfor matchar alle ullplagga våre vinterklede i Tolvmeterskogen-kolleksjonen. Det gir ein samla og fargerik garderobe – og du kan velje det som passar barnet best.
Her er våre favorittar til kalde dagar:
- Magiske ullvottar: Tynne og varme – og varmar endå meir når dei blir våte! Med antiglipp i handflata for betre grep. Borna elskar dei!
- Hals i merinoull: Held nakke, hals og bryst lune. Perfekt for vindfulle dagar.
- Panneband med katteøyre: Refleks og fôr i fleece – og ein stor favoritt blant barnehageborna!
- Balaklava med katteøyre: Held både hovud, øyre og hals varm – med ekstra vindbeskyttelse.
- 🧶 Babylue og lue i merinoull: Super passform, fleecefôr og refleks.
- Polvottar: For dei kaldaste dagane – med ekstra god fôring.
Alt i mjuke naturmateriale som varmar sjølv når det blir vått, pustar naturleg og gir komfort i barnehage og uteleik. Og ja – dei kjem i fargar som matchar både vinterdress og parkdress 😻
Kjøp gåva her
Alle ullplagga er laga i fargematch med vintertøyet. Velg den fargen bornet elskar og spre litt fargeglede.