Til far på tur

Når far trivst ute i regn, vind og ruskevêr – då fortener han gåver som faktisk tåler det. Frå heilt vanntette regnjakker og ull som varmar både hovud og bein, til regnvottar og sydvest – dette er gåvene som blir brukt, ikkje berre pakka opp.

Regnparkas med ekstra ermlengde

Til far som trives ute i leiken eller som står i timavis på sidelinja på banen, anbefaler me vår fôra regnparkas med ekstra lengde på ermane. Jakka er lett vattert og laga i heilt vanntett PU – og den har det ein treng for å trivast ute, uansett årstid:

  • Stormhette som skjermer godt i sidelengs regn
  • Vassøyle på 10 000 mm og sveisa saumar
  • God lengde og passform tilpassa herre
  • Refleksar på alle dei rette stadane
  • Bryst- og sidelommer med plass til både mobil og nøklar

Dette er jakka far tek fram – både sommar og vinter – når vêret ikkje speler på lag.

Produkter i bildet: Regnparkas ekstra ermlengde, Regnbukse Lett Vaksen

Ull som varmar – også når det er vått

Ingen bør fryse på beina, hovudet eller hendene – minst av alt han som er ute i all slags vêr. Me har mjukt og varmt tilbehøyr i ull:

  • Ullsokkar med frotésåle – lune og stødig i både tursko og gummistøvlar
  • Ullue i 70 % lammeull – mjuk og god, utan å klø
  • Ullvottar eller ullhanskar i 78 % ull – held hender varme sjølv om dei blir våte. Med refleksprint på handa og temperaturregulerande eigenskapar, er desse vottane og hanskane både smarte og trygge.

Kattnakken seier NEI til kalde hender og føtter – uansett vêr!

Produkter i bildet: Magiske Ullhanskar

Heilt vanntett tilbehøyr

Når regnet øs-pøsar og vinden bles, er det ekstra viktig med vanntett tilbehøyr. Her er to klassikarar som gjer turen betre – og tørrare:

  • Regnvottar i mjuk PU – med fleecefôr og refleksprint. Perfekte når han skal arbeide ute, fiske, sykle i regnet eller berre vere med og leike.
  • Sydvest til vaksne – held både hovud og nakke tørre når regnet kjem frå alle kantar. I tillegg bevares sidesynet. Justerbar, mjuk og med fleecefôr for komfort.

Begge delar har vannsøyle på 10 000 mm og er utvikla for ekte regnvêr – ikkje berre lett duskregn.

Produkter i bildet: Regnvottar Vaksen