Vilkår for bruk
Ved å leggja inn ei bestilling hos oss godkjenner og stadfestar du at
All informasjon du oppgir er korrekt, oppdatert og fullstendig. Betalingsmiddelet du brukar er ditt eige, og det er dekning på kontoen til å dekkja betaling av bestillinga.
E-postadresse og telefonnummer kan, om ynskjeleg, nyttast som kommunikasjonsmiddel for varsling og fakturering.
Vi er ikkje ansvarlege for forseinking eller manglande levering dersom utgjevar av betalingskortet nektar å godkjenna betalinga til Kattnakken.
Du er framleis ansvarleg dersom nokon andre brukar innkjøpskontoen og/eller personleg informasjonen din, med mindre du kan bevise at slik bruk var uredelig.
Ansvarsfråskriving
Eventuelle feil på nettsida vår er utilsikta, og vi beklagar dersom informasjon er unøyaktig. Vi forbeheld oss retten til å rette feil og oppdatere produktinformasjonen til ei kvar tid, også etter at du har lagt inn ei bestilling. Vi forbeheld oss retten til å endre produktspecifikasjonar og prisar til ei kvar tid.
Kattnakken er ikkje erstatningsansvarleg for eventuelle skadar som kjem av feil bruk og uvøren behandling av varen. Skjermen og fargeevna til dataskjermen din vil påverke fargane du faktisk ser på nettsida. Vi er ikkje ansvarlege for skjermen sine avgrensingar og kan ikkje garantera at farge, tekstur eller detaljar på skjermen vil vera nøyaktige.
Kunden er sjølv ansvarleg for å ha fylt inn korrekt adresse, e-post og telefonnummer slik at posten kjem fram. Dersom kunden har oppgitt feil informasjon eller ikkje hentar ut pakken innan fristen PostNord har satt, og bestillinga blir sendt i retur til Kattnakken, vil kunden måtte betala straffeportoen Kattnakken vert pålagt av PostNord (kr 149,-).
Kampanjar og gåvekort
Rabattkupongar kan ikkje brukast på salgsvarer eller rabatterte produkt. Gåvekort kan kun nyttast på varer oppførte på nettsida vår. Vi kan ikkje erstatta tapte, stolne, forlagte eller skadde gåvekort. Gavekort har gyldighet på 1 år og det er ikke moglegheit for utsettelse av gyldighetsperiode.
Salgsvarer kan ikkje bytast.
Bytte og retur
Kattnakken har gratis frakt ved bytte av størrelse eller farge. Ved retur, påløper det eit fraktbeløp på kr.49,-
Feil eller manglar
Dersom du mottar varer som ikkje samsvarer med det du har bestilt, eller er skadde/defekte, vil vi erstatta dei eller refundera det du har betalt. Dette må varslast ved å sende ein e-post innan rimeleg tid etter at du har motteke varene. Skadde eller feilaktige varer må returnerast til oss (med mindre vi informerer om at retur ikkje er naudsynt). Returnerte varer må vere ubrukt, ha alt tilbehøyr og etikettar. Kostnader ved returporto vil bli betalt av oss.
Angrerett
Angrerettlova gjeld for alle kjøp forbrukar gjer i Kattnakkens nettbutikk. Lovpålagd angrerettskjema følgjer med varene, og angreretten gjeld i 14 dagar. I denne perioden kan du utan forpliktingar sende tilbake varene du har motteke, men merk følgande frå angrerettlova: «Angrerettlova gjeld berre ved forbrukarkjøp. Angreretten kan difor ikkje nyttast av bedrifter eller andre som handlar som ledd i næringsverksemd (jf. Angrerettlova § 6, punkt e).» Angreretten gjeld ikkje dersom vara ikkje kan leverast tilbake i same tilstand og mengde, og skade eller forringing skuldast aktløyse eller mangel på omsyn frå forbrukaren si side (jf. Angrerettlova § 12, punkt a). Returkostnadene vert dekka av forbrukaren (jf. Angrerettlova § 15, første ledd). Ved bruk av angrerett kan ikkje varene vera brukte, og originalemballasje og merkelappar som «hang-tags» kan ikkje vera fjerna frå produktet. Ved retur vil pengane bli refundert innan 14 dagar etter at vi har motteke returvarene.
Kundeklubb
Som nytt medlem av Kundeklubben er du sjølv ansvarleg for å leggje inn rabattkode ved første kjøp. Om du som medlem ikkje får gjort det før bestillinga er sendt, vil ikkje rabatten bli refundert.
Kortkjøp
Ved kortkjøp samarbeider vi med ein autorisert betalingsformidlar som hjelper oss med å kontrollera at kortet er gyldig for kjøp direkte mot banken din. Vår betalingsformidlar handsamar kortinformasjonen på korrekt måte i samsvar med den internasjonale tryggleiksstandarden PCI DSS som kortselskapa VISA, MasterCard, Diners, American Express og JCB står bak. Dette gjeld også betaling gjennom NETS. Dette inneber at kortopplysningane dine blir handtert på ein svært trygg måte. Ved kortkjøp forbeheld vi oss retten til å gjere ein personkontroll.
Ansvar og opphavsrett
Det er ikkje tillate å nytte Kattnakkens materiale, tekst eller bilete utan eksplisitt samtykke frå rettshavar. Dersom bileta inneheld personar, må desse også ha gitt samtykke for vidare bruk. Dersom du brukar materiale som er verna av opphavsrett utan lov, kan du verta erstatningspliktig for dette.
Innhaldet på denne nettsida er opphavsrettsleg verna og tilhøyrer Kattnakken AS. Dersom du ønskjer innsyn i dine personopplysningar, kontakt Kattnakken AS skriftleg på denne e-postadressa: [email protected].
Sjå personopplysningslova for meir informasjon.
Aldersgrense
For å kunne handle hos Kattnakken må du vere over 18 år.
Kattnakken godtar ikkje større oppkjøp av varer for videresal privat.
Ved mistanke om slike oppkjøp på kattnakken.no for videresal, vil bestillinga bli kansellert.
Dei ovanfor nemnde vilkåra kan endrast når som helst og utan varsel. Det er ditt ansvar å sjekka desse vilkåra jamnleg før du bestiller produkt, i tilfelle det er endringar.