Når hausten nærmar seg og borna skal tilbake til barnehagen, er det viktig å ha rett utstyr for å halde dei tørre og komfortable i all slags ver. Regntøy er ein essensiell del av garderoben til dei små, spesielt når dei skal ut og leike i regnet.
1. Vanntettleik er nøkkelen
Det aller viktigaste med regntøy er at det er vanntett. Sjå etter regntøy med høg vannsøyle, gjerne over 8000 mm. Dette sikrar at bornet held seg tørt sjølv i kraftig regn. Sjekk også at saumane er teipa eller sveisa, då vatn elles kan trenge inn gjennom saumane. Vannstopper i ermer og bein kan også vera ein stor fordel.
Les meir her om kva produktutvikler Silje har å fortelje om dette temaet.
2. Haldebarheit og slitestyrke
Barn leikar hardt, og regntøyet må tole røff behandling. Vel derfor regntøy laga av slitesterke materialar som toler både leik i sandkassen og klatring i tre. Eit tjukt og sterkt stoff på kne og i baken er ein fordel, då desse områda er spesielt utsette for slitasje.
Les meir her om kva produktutvikler Silje har å fortelje om slitestyrke.
3. Rørslefridom og passform
Regntøyet skal ikkje berre vere funksjonelt, men også behageleg å ha på. Sørg for at det er god rørslefridom, slik at bornet kan springa og leika utan hindringar. Regntøy med justerbare selar, strikk i livet og avtagbare hetter gir ein betre passform og meir komfort.
4. Enkelt å ta av og på
Barnehagekvardagen kan vere hektisk, og det er ein fordel om regntøyet er enkelt for barnet å ta av og på sjølv. Sjå etter regntøy med glidelås og trykknappar som er lett å handtere for små hender. Dette gjer at bornet kan kle på seg sjølv og sparar tid for dei vaksne. Hos Kattnakken har me t.d laga glatt innside på alle regndressane våre, nettopp for å gjera dei lette å ta av og på. Me vil råde deg til å gjere seg kjent med regntøyet i lag med bornet. La dei prøve det, og ta av og på sjølve, før du tek det med til barnehagegarderoben.
5. Refleksar for tryggleik
Når haustmørket fell på, er synlegheit ekstra viktig. Vel regntøy med refleksar som er godt synlege frå alle kantar. Dette aukar tryggleiken til bornet både i barnehagen og på veg til og frå barnehagen.
6. Velg eit regntøy bornet sjølv vil ha på
Glade fargar og artige motiv, vil ofte bidra til at bornet har lyst å ta på seg regntøyet sjølv. Ein kan snakke med borna om motiva og skape magi med figurane. Då vert det ekstra kjekt å gå ut.
Med desse seks tipsa i tankane er du godt rusta til å velje det beste regntøyet til ditt born. Rett regntøy gjer barnehagekvardagen både tryggare og meir morosam, uansett ver!
Anbefalt regntøy
For aktiv bruk i barnehage og SFO.