Regndressen til dei minste

Når barnet kryp, sit og leikar på bakken, treng det regntøy som held heile kroppen tørr. Babyregndressen er utvikla spesielt for dei minste – for born i storleik 68–92.

Ein trygg start på livet ute

Når minsten startar i barnehagen, skjer det mykje på ein gong. Ein ny kvardag, mange inntrykk – og mykje tid ute. Då treng barnet klede som held det varmt og tørt gjennom heile dagen, utan at det hemmer rørsle og leik.

Babyregndressen vår er utvikla spesielt for dei minste barnehagebarna. Den mjuke, vatterte dressen i elastisk PU Knit-materiale gir barnet full bevegelsesfriheit – enten det kryp gjennom vått gras eller sit i sandkassa. Eittåringar beveger seg mykje, men sakte. Dei sit ofte stille, krabbar i graset – og treng klede som held på varmen utan å bli klamme.

Kvifor velje ein regndress for dei minste?

Ein regndress er spesielt fordelaktig for dei aller minste som elskar å leike i sølepytter og gjørme. Dressen gir ekstra beskyttelse mot fukt, då den dekker heile kroppen utan opning mellom bukse og jakke.

Babyregndress Dugg har:

  • Vanntett PU-stoff (10 000 mm vassøyle)
  • Sveisa saumar
  • Justerbar og avtakbar hette
  • Lett vattering 40 gram
  • Slitesterke fotstrikkar som held alt på plass
  • Refleksar for tryggleik i mørket
  • Mjuk Pu- Knit for komfort og fri bevegelse
  • Fluorkarbonfri
Babyregndressen er både slitesterk og praktisk. Den tåler røff bruk i barnehagekvardagen.
Babyregndressen er både slitesterk og praktisk. Den tåler røff bruk i barnehagekvardagen.

Regnet prellar av stoffet!
Ein regndress laga i PU tapar seg ikkje slik ein skalldress gjer. Her prellar berre regnet av stoffet🙌 I PU er sjølve stoffet vanntett og ein har ei bakside som gir styrke. Ein dress i PU har ei overflate som er glatt og vanntett. Det trengs ingen oppfrisking av impregneringa etter bruk.


Les meir her om kva produktutvikler Silje har å fortelje om dette temaet.

Babyregndressen er laga i Kvailtets PU der regnet prellar av stoffet.
Babyregndressen er laga i Kvailtets PU der regnet prellar av stoffet.

Fargar barnet blir glad i

Kattnakken er kjend for regntøy med glade fargar og artige motiv. Me vil at borna skal ha det kjekt uansett vêr. Snakk med borna om motiva, skap magi med figurane og gjer regnvêret til noko gøy!

Me er kjend for regntøy med glade fargar og artige mønster. Dette gir bornet lyst til å kle på seg sjølv. Snakk med bornet om fargar og mnønster, og skap magi med figurane!
Me er kjend for regntøy med glade fargar og artige mønster. Dette gir bornet lyst til å kle på seg sjølv. Snakk med bornet om fargar og mnønster, og skap magi med figurane!


Interessert i ein tjukkare og meir vattert babyregndress?
Denne hausten lanserer me nyheiten Babyregndress Pytt med tjukk vattering på 80 gram, vanntett glidlås og PU-ekstrem i underkropp, som er vår høgaste slitestyrke. Velg gjerne Babyregndress Pytt for beskyttelse i hauststorm og vinterslaps.


Babyregndress Pytt har:

  • Vanntett PU stoff (30 000 vannsøyle i underkropp / 10 000 vannsøyle i overkropp)
  • Sveisa saumar
  • Justerbar og avtakbar hette
  • Slitesterke fotstrikkar som held alt på plass
  • Refleksar for tryggleik i mørket
  • Tjukk vattering 80 gram for varme og komfort
  • Fluorkarbonfri
Nyheit hausten 25! Babyregndress Pytt med tjukk vattering og vår mest slitesterke PU ekstrem i underkroppen. Perfekt for bruk i hauststorm og vinterslaps.
Nyheit hausten 25! Babyregndress Pytt med tjukk vattering og vår mest slitesterke PU ekstrem i underkroppen. Perfekt for bruk i hauststorm og vinterslaps.