
Når magen veks og vêret skiftar, treng du klede som både fungerar og kjennest gode. Å vere høggravid i norsk regnvêr er utfordrande nok – og då er det gull verdt med plagg som faktisk er laga for deg og dine behov akkurat no. I regnponchoen har du plass til magen.
Heilt super for gravide
Denne regnponchoen i mjuk, vanntett PU har laus passform og ekstra god plass over magen – utan at det kjennest klumpete. Den skjermar deg godt mot regn og vind, og du får røra deg fritt og lett. Du slepp å stresse med ei regnjakke som ikkje går igjen – eller å låne jakka til sambuaren. Ein stilig og funksjonell poncho som tåler alt frå trilletur i duskregn til ein våt festivaldag.

Kvifor velje denne ponchoen?
- Vanntett og vindtett – tåler 10 000 mm vassøyle og har sveisa saum.
- Slitesterk og mjuk – over 50 000 Martindale gir lang levetid, utan at den kjennest stiv.
- Smart utforming – hette med justering, ermar med mansjett og tommelhol, refleks på ermar og rygg, og borrelåssplitt bak som gjer den sykkelvennleg.
- Miljøvennleg val – sjølvsagt fluorkarbonfri.

Regnet prellar av stoffet!
Ein regnponcho laga i PU tapar seg ikkje slik ein skalljakke gjer. Her prellar berre regnet av stoffet🙌 I PU er sjølve stoffet vanntett og ein har ei bakside som gir styrke. Ein regnjakke i PU har ei overflate som er glatt og vanntett. Det trengs ingen oppfrisking av impregneringa etter bruk.
Les meir her om kva produktutvikler Silje har å fortelje om dette temaet.

Anbefalt til gravide
Me har både regnponcho og vindponcho som er svært praktisk for deg no i svangerskapet. Regnponchoen får du i heile 8 ulike fargar.