
Vinterregndressen - No endå betre!
Vinterregndress Slaps er vår toppmodell – den ultimate regndressen for barn i barnehagen. Full vannbeskyttelse, varme og komfort i eitt og same plagg.

Vinterregndressen som har ALT
Når hauststormane rasar, det sludder frå sidene og bakken er full av søkkvåt snø – då treng barnet ditt ei regndress som held. Vår bestselgar gjennom mange år, Vinterregndress Slaps, kjem til lager i september – og no i ein endå betre versjon.
Dette er toppmodellen blant regndressane våre. Ein skikkeleg arbeidshest – mjuk, varm og leikeklar.

Skapt for slaps og regntung snø
Dei fleste regndressar er laga for regn. Denne er laga for vinterregn – noko heilt anna. Slaps, sørpe, vind og våt snø stiller høge krav til både varme, tetthet og slitestyrke. Det er nettopp dette som gjer Slaps-dressen så unik.
Med 30 000 mm vassøyle, sveisa saumar og vanntett glidelås held den barnet heilt tørt, sjølv i dei verste forholda. Og med 80 gram vattering held den også godt på varmen.

Barnehageklar – frå topp til tå
Vinterregndress Slaps er laga for barnehagekvardagen:
- Den har ventilerande fôr, som hindrar klamheit
- Den glatte innsida gjer den enkel å ta på og av – også for barnet sjølv
- Den har fri justering i livet, så den kan tilpassast ulike kroppsfasongar
- Refleksar og fotstrikkar gir tryggleik og god passform
- Hetta er både avtagbar og regulerbar, for trygg leik
Og ikkje minst: Skattelommene med glidelås gjer at barnet har plass til steinar, kongler og andre viktige skattar.

Haldbar kvalitet – og praktisk i bruk
Dressen er laga i PU-ekstrem – eit materiale som tåler barnehageliv med både rulling, hopping og sølekasting. Den tørkar fort om du vrenger den etter vask og heng den opp etter fotstrikkane.
Vår erfaring er klar: Foreldre som kjøper Slaps-dressen, kjem ofte tilbake for neste storleik.

Kjem i 4 variantar med print
Du kan velge mellom heile fire variantar med Tolvmeterskog print. Sjå kor fine fargar og artige mønster! Snakk med borna om motiva og skape magi med figurane. Då vert det ekstra kjekt å gå ut.

Kjem også i einsfarga versjon
Om du heller foretrekker rolege fargar har me den også i to einsfarga versjonar.

Regnet prellar av stoffet!
Ein regndress laga i PU tapar seg ikkje slik ein skalldress gjer. Her prellar berre regnet av stoffet🙌 I PU er sjølve stoffet vanntett og ein har ei bakside som gir styrke. Ein dress i PU har ei overflate som er glatt og vanntett. Det trengs ingen oppfrisking av impregneringa etter bruk.
Les meir her om kva produktutvikler Silje har å fortelje om dette temaet.

Anbefalte produkt
Me har alt du treng for haustsesongen. Her er vår anbefalte produkt.